Les mer om årsmøtet i Norsvin SA.
Årsmøtetalen Norsvin SA 2026
Ordstyrar, gode årsmøtedeltakarar, ansatte og gjester
Avl og genetikk handle om dei små tinga. Små og korte steg stort sett i retning framover. Dette er vår kjernevirksomhet. Det unike i landet vårt er at dette skjer ute hjå den enkelte bonde. Som står opp kvar morgon, jobbe hardt, avle gris, eter og sover, legge seg for å stå opp til ein ny dag. Det enkle er ofte det beste.
Me har eit godt system i landet for høg avlsframgang. På toppen er det 30 avlsbesetningar, 8 D og 22 L og desse jobber kvar dag for at våre mål skal nås. Kvifor akkurat dette systemet er bra trur eg mykje handlar om små forhold og god oversikt i tillegg til ein dedikert bonde som har eit godt auge for dei små detaljane. Dagens avl brukes KI aktivt i å finna nyanser i eit så likt produkt som gris er, i allefall på utsida. Men ei vellukka avl handle om å ha dei beste folka. Korleis får me akkurat desse folka til denne jobben?
I august gjorde me ei ny endring på avlsmodell. Vedtaket frå desember 2024 om ein to-ledda avlsmodell blei krevjande i organisasjonen. Mykje støy var i samband med at styret ikkje vedtok administrasjonens forslag til vedtak. Men eg vil påpeika, styret står fritt til å vedta eller endre på alle forslag til vedtak. Fleire av besetningane som er reinrasa har kome til oss i etterkant og takka for valet me gjorde. Uroen toppa seg derimot med artiklane i Svin og styreturen til Nederland i juni. Oppfatningen frå Supervisor board var etter styret sitt syn nokså misoppfatta og tatt noko ut av dimensjon, men alikevel eit sterkt signal som gjorde at styret endra type avlsmodell. Ei vesentleg ny opplysning som gjorde at eg tok saka til styrebordet på ny var endring i biosikkerheten. I saksutgreiinga frå desember 2024 var ikkje ein einledda modell ynskja grunna nettopp biosikkerheten. Styret stilte spørsmål om dette i og med dei fire kombibesetningane me har hatt i mange år hadde håndtert dette på ein framifrå måte. Administrerande direktør har tatt på seg ansvaret for at styret ikkje hadde alle opplysningar i fyrste vedtak og det har eg gitt han honnør for. Eg meiner denne modellen me vedtok i august der me kombinere ein- og toledda avlsstruktur i lag med nye føresetnader vil stå seg bra i framtida med dei utfordringane som vil kome der.
Eit av slagorda til Topigs Norsvin er «Where to play, how to win». Dette fortelle og forplikte for heile selskapet og spesielt oss som er samla her desse dagane, årsmøte i Norsvin SA, at å drive avl godt nok på langt nære er nok! TN 70 er verdas beste mordyr for ein grisunge, det er det i dag ingen tvil om, men å legge oss på lauvbæra for å kvile er ikkje tida for. Alle våre konkurentar rundt om i verda arbeider kvar dag til å lage ei purke som er betre enn den me har i dag og det kan vere at dei ein dag kan lukkast med det. Vår oppgåve er å passe på at det blir uendeleg lenge til. Derfor vil og må me heile tida jakte på dei beste avlsfolka me har i landet, at dei har dei beste vilkåra for at me skal vinne på denne bana, dei som står midt i bingen, og utfører alle oppgåver som kjem ut frå avlsavdelinga med ein utruleg stor iver. Me må ikkje ta desse folka for gitt, men gje dei meir enn dei seier dei treng!
Me er inne i totalberedsskapsåret men kva betyr eigentleg det? Mange tenker kuler og krutt, i allefall trioen Trumph/ Putin og Netanyau. Rett nok gjer auka bruk av militær makt ein stor følelse av uro og ein del ting bler ganske krevjande. I ein krigssituasjon set ein ulike press på tilgang til energi som i neste omgang får direkte konsekvensar for vår produksjon heime i våre respektive grishus.
Eg stilte spørsmålet i Svin for litt sidan der me satte lys på forsituasjonen til dyra våre. Kva hvis fabrikken fekk ein brå stopp anten av energimangel eller råvarer. Min leverandør har for i to til tre dagar, kor mange dagar har du på tanken din? Er det berre eg som ventar i det lengste før eg sende ordren for å få dei beste betingelsane med maks rabatt? Eg tok opp saka med forleverandøren og lurte på om dei har tenkt tanken og kor mange dagar dei må ha for å koma tilbake i produksjon. Eg fekk vel ikkje noko klart svar på det, men hvis me snur løysinga litt på hovudet; forleverandøren vår veit omtrent når me treng for. Hadde det vore ei løysing der me har ei abonnementsordning der forleverandøren syter for at det er for på tanken i eksempel sju dagar? Grisen ser fort ussel ut utan mat i ei lita veke.
Gjennom 2025 gjekk med litt frå den eine grøfta og over i den andre mtp marknaden. Eller frå grøft til grøft var vel å ta litt i, men dokke skjøne tanken. Det har gitt oss ein sjanse til og løfta prisen opp til eit bra nivå. Eg vil gje honnør til marknasregulator og alle mine kolleger for å gjere dei tiltak som er mest effektiv i korte svingningar, reduksjon av slaktevekter. Det koster lite og virke fort. Prisane gjekk heller ikkje så mykje ner at det i realiteten trua økonomien hjå den enkelte. Så kom varsla der det vart utfordrande og bli kvitt smågrisen. Nå er me alle klar over at det ikkje er mottaksplikt på smågris, det er faktisk smågrisprodusenten sitt ansvar å finne avsetjing på den. Det blei ei stor sak at bransjen valde å avlive smågris i haust.
Det vil i framtida dukka opp nye og annleis episodar som me som næring må handtere. Noko går på bonden direkte, andre på sytemet lenger ut i verdikjeda. Marknadreguleringa me har i dag må me hegna om og vidareutvikla. Ikkje alle tiltak vil gjer alle bra, men det er ein lang veg frå å ha eit system som funke for dei fleste og som eg sa så vil det koma nye utfordringar i framtida som me ikkje har tenkt på eller sett endå til å miste dette systemet og la marknaden rå.
Faglaga våre, og spesielt Noregs Bondelag, er viktige for oss. Det er dei som legg ramer for politikken til landbruket. Sist veke var eg og Olav i representantskapet og me var samde om at det inneheldt mykje sau og ammeku. Dette er det møtet der heile næringa er med og forteller forhandlingsutvalet kva dei skal prioritera mest og minst i årets forhandlingar. Som venta er ikkje grisen i år vinnar der, men det kom andre utfordringar som me må vere obs på i tida framover. Kristoffer Ande Hanssen i KMD hadde eit innlegg under møtet og det kom ganske tydeleg fram at om ikkje klimamålet i Parisavtalen nås gjennom vår klimaavtale med staten så må produksjonen ner. Dette gjeld for dei raude kjøtslaga og der er grisen medrekna. Der er representantar i salen i dag frå både Ldir og LMD og spørsmålet går sjølvsagt til dokke, korleis heng dette saman med målet om auka sjølvforsyning?
For eit par år sidan traff eg ein bonde frå Finmark som ville starta med slaktegris. Utgangspunktet mitt er ofte positivt til det meste, også i dette tilfellet. Me diskuterte godt og fann ut at dette var mulig mtp avstand til slakteri, tilgang på for og så vidare. Forretningsideen var herved lagt. Det gjekk ikkje så lang tid før eg fekk grei beskjed om at noko gris i Finnmark var absolutt ingen god ide. Og etter ein kort instruksjon i logistikk og andre parametre i å drive langt frå andre blei konklusjonen at det å få liv i eit allereie daudt dyr krev meir enn det me er i stand til å utføre. Dette minner meg då om at der det er produksjon i dag skal me gjere ein ekstra innsats på å halde produksjonen gåande med dei som er der og vil. Agder er eit godt eksempel på akkurat det. På sørlandssamlinga i januar la statsforvaltaren fram tal på ei positiv utvikling i regionen, mange års arbeid hadde gitt resultat som gav alle ein motivasjon til å gje endå meir fart inn i framtida eller rett å slett ha tru på at å produsera og til og med auke norsk matproduksjon er både ønska og nødvendig i tida framover litt i kontrast eg sa tidlegare. Grunnlaget for at me og kan lukkast andre stader i landet er mykje lagt, økonomi i produksjon i lag med eit balansert marknad, nødvendig aksept hjå dei ulike partnarskapa der gris er på lista over produksjonar som kan støttas frå IN. Det er ikkje mange år tilbake der dette var eit ikkje tema.
I eit slikt arbeid er det alltid mange som skal ha honnør for jobben dei gjer og det er då vanskeleg å huska alle, derfor berre ein generell takk til alle. Men eg vil likevel ta fram prosjektet Gris i nord og to av personane bak det, Katrine Johnsen og Arne Flatemo, for deira lange og store engasjement her. Alle veit tyngden å heile vegen gå i motbakke. Me ser jobben og støtte dokke vidare i det. Du får ta det med opp til Arne frå meg Katrine.
I forbindelse med strategiplan 2026-2030 har det vore arbeid med ny organisasjonsmodell. Me har lagt denne fram i årsmøta rundt i landet samt me har hatt den oppe i dei to siste fylkesleiarsamlingane. Regiontanken kan virke litt voldsom og du tenker kanskje at dette vil auke farten på sentraliseringa. Eg vil ikkje forskottere vidare arbeid i denne saka, men eg vil likevel du som er her desse dagane tenka gjennom korleis du opplever organisasjonen fungerer i dag. Dei tilbakemeldingane som har kome til meg så er det meir frykt for å misse det me har. Derfor har eit sentralt spørsmål vore korleis me iveratar den enkelte medlem slik den føler at den høyrer til.
Når me ser på utviklinga til organisasjonen vår sidan etablering av TN i 2014 så er forvandlinga total. Når me tar eit blikk på selskapet Olav kom heim til i 2011 så var det heller eit trist syn. Mismot etter mykje motgang i USA, oppsigelse av ansatte, innhenting av kapital til internasjonal satsing samt svinenæringa var på veg inn i ein ny nedtur. Optimismen steig gjennom vinteren i 2013-14 då ryktene gjekk om noko stort som var i vente. Og som kjent blei det utløyst i juni 2014 då fødselen til TN var eit faktum. Etter det har me ikkje sett oss så mykje bakover.
Resultatet av dette har me vist på fylkesårsmøtene siste tida. Selskapet har ein solid økonomi i dag og det ser bare lysare ut framover i tid. Me har vist prognose for dei neste fire åra som ser litt fantasifull ut, men absolutt hyggeleg lesing. Eg skal ikkje male fanden på veggen, men eg vil bare at me minner oss sjøl på at dette forutsetter at me leverer i alle ledd.
Me har ein kunde, den er heile livsnerva vår! I seansen på starten av dagen kom dei inn på ulike scenarier. Her ligg det både utfordringar og muligheter. På styremøte tidlegare i mars vedtok me ny strategiplan. Ein absolutt ambisiøs plan som er samstemt mot TN, med eit vegkart som tek oss framover mot hovudmålet som er verdas største avlsselskap. Det vegkartet me har teikna syner ein ganske svingete veg som nok vil vere ganske beskrivande for kva som vil møta oss der ute. Strategiplanen vil hjelpa oss inn i denne tida slik at me møter dei svingane som kjem med rett fart og rett styring. I komande periode vil me etterkvart kommersialisere nye avlsteknikkar og ikkje minst embryo. Embryoarbeidet som har pågått ei tid begynner me nå å sjå at dette kan bli ein realitet som produkt innan få år. Nokre selskap i verda tilbyr dette i dag, men etter min kjennskap har våre folk nå ei løysing på dette som er eit mykje betre produkt enn det våre konkuretnat har i dag, det skal bli spennande og følgje denne utviklinga framover.
I skrivande stund er Delta Norway bandlagt grunna salmonella. Dette medfører store konsekvenser for oss som avlsselskap. Ingen dyr ut og ingen dyr inn i hjartet vårt er nær ein katastrofe. Likevel er det godt å sjå at våre system virke og fange dette opp på eit så tidleg stadie som råd. Samt er det ei påminning om at det ikkje er rom for og senka garden vår i det heile. I starten av april vil MT ta nye prøvar og er dei negative opphever dei bandlegginga. Det drøymer både eg og Olav om i desse dagar, la oss håpe drømmane er sanne.
Det er med litt vemod eg nå forlate Norsvin som tillitsvald, men alikevel ei ro for at systemet vil gå vidare med uminska fart. Det vil det nye styret me skal velje i morgon syte for. For ein månad sidan tok eg fingen i vatnet testen. Det blei ikkje eit ståande hol etter min fing heller, så flokken av uersatttelege folk vil eg nå bli ein del av. Ei sak eg vil plukka fram som har fulgt meg lengst er saken om dårleg dyrevelferd som kom til meg når eg var styreleiar i Norsvin Rogaland. Den marsdagen i 2017 med dei bildene me vart framlagde sitter ganske fast i minnet. Avstanden frå der og fram til i dag er milelang. Dokke skal ta innover den jobben som næringa har gjort på dei 9 åra. Den reisen er så inderleg flott og dei aller fleste har i dag ein dyrevelferd me kan stå rakrygga i.
Me som avlsorganisasjon ser kor stor betydning rett kompetanse til jobben har. Kanskje blir eit av oppdraga til Norsvin Fagrådgivning å lage kurs som gjer kvar enkelt rett kompetanse for stell av gris. Tenker på dei som har kanskje eit sommarinnsett med gris, det er ikkje berre å strø opp ein ammekuhall, putte inn eit par forautomater og litt vatn så blir grisen stor. Fallhøgda for den enkelte og ikkje minst næringa som heilhet kan bli stor. Kan ver lurt at me som faginnstans må ta den del av ansvaret i lag med varemottakaren, det vinn me alle på. Eit dårleg dyrehald er eit for mykje.
Når eg i morgon trer ut av rekkene er det mykje å vere takksame for. Det har vore ei utruleg spennande reise der eg har møtt mange flotte og arbeidssomme menneske. Til denne salen vil eg bare sei tusen takk for tilliten for at dokke ville ha meg som dokkas representant, det har vore ei glede.
Godt årsmøte
Per Inge Egeland

Avtroppende: Per Inge Egeland gir seg som styreleder i Norsvin SA.





















