Foto: Tom Erik Holmlund/Fagbladet Svin
Godt nytt år gode svineprodusentar
Eit nytt år ligg føre oss med mange nye muligheter. Muligheter har me for øvrig alltid, men til tider er desse reduserte med ulike grunnar. Dette året, som i skrivande stund er inne på andre dagen, har veldig mange muligheter me har som organisasjon jobba mykje for dei siste åra. Rett nok har me hatt ein viss ubalanse i forholdet smågris og tilgjengelege slakegrisplasser. Dette vil etter slik det ser ut til løyse seg ut over i året skal ein tru kalkylar til slakteri og signal frå byggleverandørar. Sjeldan har det vore så mange henvendingar på nye bygg, spesielt til slaktegris. Me treng ein økonomi framover som vil gje litt fart i fornying av apparatet, dette trengs hvis me skal halde tritt med teknologien som vil gje oss ei økonomisk utteljing på avlmaterialet. Nå skal ikkje eg øydeleggja stemninga, men marknadsbalansen er skjør for komande år, 800 tonn. Det er fire-fem slaktegrisfjos. La oss ha det med oss i tankane for framtida, vårt ynskje er å forsyna den norske marknaden med 100%, helst mindre og ikkje så mykje meir.
Noko av den forklaringa kan me nok finna i fjorårets Gris i der det var 150 unge (under 35 år) tilstades. Det summa godt under ung bonde samlinga før middagen som er eit sikkert teikn på at det er stor framtidstru i næringa. Ein annan faktor er auken i PGE som kjem nå dei to fyrste vekene i januar og reduksjon av omsetjingsavgifta i veka etter, dette vil gje eit bra pluss i Db etter Norsvin sine kalkylar.
At vårt samarbeid med Topigs Norsvin er fruktbart er det liten tvil om. Og det ser ikkje ut som det stopper med det fyrste. Topplinja har vakse med over tre hundre prosent sidan starten i 2014 og etter mange tunge investeringar i bygg og genetisk materiale, begynner det å gje gode resultat til eigarane, Norsvin og Topigs Group i Nederland. Kva resultatet for 2025 blir er ikkje heilt klart ennå, men det blir all time high som det heiter på godt nynorsk. At våre genetiske produkter er etterspurt ute i den store verda gjer oss svineprodusentar her det aller beste avlsproduktet som gjer at me kan ta ut gode og for det meste stabile marginar. Sjøl med ein liten overproduksjon i 2023-2024 så klarte me å halde ein positiv økonomi. Det er ikkje sjølsagt hjå våre kolleger i Nederland og Europa for øvrig.
Avlsmodellen blei endra på ettersommaren i fjor. Eg skulle helst sett at dette var gjort i eit vedtak og ikkje med to. Uansett så er administrasjonen godt i gang med å sikre våre krav til avtalen vår med Topigs Norsvin. Når ein les avlsbesetingsoppgjeret ser me at dei nye avlsbesetningane og der neste generasjon har tatt over av ungdommen er i ferd me å fornye og forsterke avlsframgangen, det imponerer meg stort. I samarbeid med dei ansatte dreg alle avlsframgangen til stadig nye høgder. Teori og praksis iblanda noko nerdet galskap, gjer at stadig meir av verda vil ha norsk genetikk i sine dyr og det kan me takka avlerane, forskere og avlsavdeling skikkeleg for.
Ein snakkis gjennom 2025 har vore konsesjon, eller rettare sagt endring av forholdstal mellom purke og slaktegris. I realiteten er det endring av konsesjon då denne reknes i slaktegriseiningar. Styret hadde denne saka til diskusjon i vårt desembermøte. Kort fortalt så landa me på at konsejonsregelverk ikkje har noko med produksjonstilpasning eller marknadsregulering å gjer. Regelverket er til for å ha ei så spreidd produksjon som råd er innafor dei føringane som er i dag. Me meiner og at ei endring av forhold mellom purke og slaktegris (i dag er 20 slaktegris ei purke) ville leggje press på ei høgare sentralisering i næringa. Med denne argumentasjonen synes me de er rett og ikkje røre dette regelverket no, heller bruke tida framover til å tenke litt på korleis me skal ruste oss for framtida med dei føringane som ligg i dag.
Før jul varsla eg valnemda at eg ikkje tek attval som styreleiar og vil dermed avslutte ei lang og enormt interessant reise i Norsvin der eg har vore innom alle ledd i organisasjonen. Eg vil gje alle dei unge som er med oss eit råd; får du eit tilbod om tillitsverv så er mi klare oppmoding, sei ja! Det blir garantert ei reise du vil sjå attende på med eit smil rundt munnen.
Med desse orda vil e gynskje alle medlemmer eit nytt og spennande år.
Beste helsing frå Per Inge




















