Hovedbilde: Tom-Erik Holmlund/Fagbladet Svin
Gode medlemmer, ansatte og gjester
Eit år er som ein evighet overstått på eit øyeblikk. På talarstolen i fjor hadde eg føre meg ein del utfordringar me hadde gjennom 2023, det var for høg produksjon eller sviktande sal, afrikansk svinepest, svekka lønnsomhet, ny teststasjon for å nemne noko. Desse utfordringane er erstatta med andre, dette kjenner me oss att i etter som åra går.
For eit par år sidan vart ei gruppe personar frå Norsvin, Nortura, KLF og representantar frå avlsbesetningane satt i gang med å sjå på framtidas avlsdyromsetning. Styret fekk rapportar underveis i prosjektet, nokre ting kom til og andre falt i frå. Gruppa gjorde etter styrets vurdering ein grundig jobb å få fram fordeler og ulemper med tanke på muligheter og valg av avlsmodell og kven som skulle drive med avlsdyromsetjing. I mandatet låg det at saka skulle leggas fram for styrene i Nortura, KLF og til endeleg behandling i Norsvin sitt styre.
Styret fekk saka til beslutning på styremøte i desember og det er alltid vanskeleg å vite om val av retning er til det beste for alle, og slik er det med denne spesifikke saka. Å velje betyr å seie nei til noko og ja til noko anna. Det som var det mest avgjerende i valet til styret her var at alle skal ha så like muligheter som mulig. Difor valde styret ei toledda avlsstruktur, som administrasjonen innstilte på, men styret sa nei til kombibesetningar med ei overgangstid fram til 2031, overgangstida sammenfaller med Norsvin sin visjon om SPF-populasjon innan 2030. Me er klar over kombibesetningane si rolle i overgangen til SPF, dei har bidratt til ein stor jobb dei siste åra med omlegging i alle ledd i avlspyramiden og sist men ikkje minst Delta Norge som nå kun tek imot SPF-dyr. Styret vil nytte høve til å takka dei spesielt for denne jobben.
Og så er det endå ein lang veg fram til alle er sanerte og dette vil desse med fleire vere med på jobben fram mot SPF-populasjon i landet innan 2030. Eg er noko meir optimistisk nå på at me faktisk når målet innan gitt dato enn eg var for to-tre år sidan.
I 2018-2019 var det ein stor diskusjon i organisasjonen om eingongspurker. Norsvin landa den gong ca på det som blei vedtaket av forskrifta. Det som var diskutert den gong kan me samanlikne med vedtaket om avlsstruktur, me prioriterte den gong at det må vere så likt for alle som mulig. Det er ein viktig del av samvirketanken. Det har vore diskutert ute i organisasjonen om styrets habilitet i saken om fremtidige avlsbesetninger. Dette er blitt vurdert av advokat som ikkje fann grunn for inhabilitet på dei medlemmene dette gjaldt for denne saka.
I juni hadde me invitert til åpning av ny teststasjon, Delta Norge. Ein litt grå dag, men som absolutt ikkje la ein dempar på festen. Dei ansatte i Norsvin hadde utrusta seg med det største norsvinhjerte eg nokon gong har sett og det bar teststasjonen preg av, det var pynta til fest. Med den utstrålinga og stoltheten som dokke viste då gjorde at mangel på sol ikkje kunne merkast.
Tusen takk til alle for at dokke gjorde denne dagen til det den blei. For gjestene var mektig imponert og eg skjønte då kor stort dette er for norsk svineavl og alle svineprodusentar i dette landet.
Marknad og økonomi har vore bra sidan pandemien starta for nokså nøyaktig fem år sidan. Men som eg var inne på i fjor så kom det ei korrigering som metta marknaden og reguleringslageret fylde seg fort. Lageret har vore stabilt på 4000 tonn gjennom fjoråret, men på slutten såg me at tiltak både frå oss bønder og hjå marknadsregulator gav resultater. Etter to år utan å kunne ta ut nødvendig kostnadsdekning i marknaden var det litt forløysande at PGE bei auka ved nyttår, omsetningsavgifta eit knepp ner, ei opptrapping av vekter i februar og tomt reguleringslager i mars ser det ut som me kan få ei rolegare tid framover med tanke på marknadsbalanse. Vi er alle tjent med ei marknadsdekning som ligg under 100 % – du mener sikkert 99 og tenker 95 – 97 %, men for kvar prosent i underdekning utgjer marknadspotensiale ca 15000 gris. Men uansett det viktigste er at bransjen må takla ein marginal knapphet periode uten at det skal skape stor støy og fremstillinger i media som om det er tomme hyller i butikkene. Dette må alle aktører møte gjennom betre planlegging av eigen råvaresituasjon og prising av produkter for å tilpasse råvare oppstrømmen. Ein viss import er og ein del av markedsordninga så me treng akkurat passe av alt. Litt knapphet er en gode for både bonde og industri – blir mankoen for stor så skal en selvsagt på kort sikt åpne for en begrensa import. Det er viktig at denne importen da går til å dekke et reelt behov og ikke bare for å opprettholde skjæreaktivitet eksempelvis. For oss svinebønder er det svært positivt at vi det er litt knapt med svinekjøtt i markedet – det gir et godt grunnlag for en PGE justering som vi definitivt trenger fra 1. juli.
Rett før jul kom regjeringa med sitt forslag til ny dyrevelferdsmelding. Denne vil eg kalla ganske overkommeleg for oss produsentar. Ingen store uventa grep, berre dei me sjølve har sagt me ynskjer, i hovudtrekk større areal og slutt på fikseringsmulighet i fødebinge. Det vil koma noko seinare, men då gjennom forskriftsendringar. Det er venta at stortinget vedtek framlagde melding i løpet av neste veke og me har ikkje fått melding om kva eller om det vil komma mindre- og fleirtalsvedtak til meldinga, noko som ikkje er uvanleg så me vente i spenning. Me har jobba mykje med denne meldinga siste to åra og eg vil takka spesielt ansvarleg for dyrevelferd i Norsvin, Gyda, for ein stor og god jobb med denne meldinga. Det som ho ikkje har vore borti av materiale er ikkje verdt å tenka på. Hvis me ser tilbake på historien med filmar, innbrot og eit litt dårleg rykte i næringa me hadde for ein del år tilbake, så meiner eg at næringa står godt rusta til dei endringane som må komma etter ei slik melding. Alle kan klappa seg på skuldera for jobben me har gjort i grishusa så langt.
Andre endringar som kom i fjor var ei etterlengta gjødselvareforskrift. Den har lege i diverse skuffer sidan 2009 med ulike scenario om framtidseledighet. Viktigaste var at den kom og så kan me gå vegen vidare. Ei stor lempe på slaktegris og ei ganske heftig innstraming på purker var resultat for grisen. Stor utfordring blir det og i nedslagsfeltet til Oslofjorden. Ikkje for grisen direkte, men går me inn i strategien der ein av våre visjonar, 100% norsk for til grisen, så blir me meir direkte berørt. Det er i dette området auken i norsk sjølforsyning skal skje på plantesida. På kornkonferansen i januar presenterte Bondelaget sin strategi 50-70-90. 50 er sjølforsyningsgraden av norsk mat, 70 er norskandelen i kraftforet og 90 er norskandel for matmjøl. For grisen sin del så er me i mål med tanke på norskandel i kraftforet, den er i dag ca 80 %, difor er det viktig at me strekker oss endå lenger slik at me i fellesskap når desse måla totalt.
Å stimulere til meir kveite er avgjerande for at desse måla nås, men med store restriksjonar i nerslagsfeltet til Oslofjorden blir dette ei mykje tyngre oppgåve. Marknadsregulator FK har i sitt innspel til årets jordbruksforhandlingar varsla ei styrking av kveiteproduksjon som er bra, men har og sagt at det er nok bygg.
Norsvin leverer eit godt økonomisk resultat også i fjor. Godt over budsjett og det skal me vere godt fornøgd med samt ei god topplinjevekst. Dette gjer oss eit handlingsrom framover som me vil trenge og når i tillegg våre datterselskap leverer bra, spesielt TN som budsjetterte med eit lite negativt resultat som blei positivt, så bidreg det til eit stødig resultat i konsernet. TN har også hatt ei fin topplinevekst sidan 2014, fra snaue milliarden og til drøye tre mrd NOK i fjor. I denne tida har TN gjort investeringar på fleire hundre mill NOK i nye anlegg både i Norge og Canada. Kven såg dette føre seg når me i 2011 måtte hente Olav «heim» igjen, etter nokre år som flyktning i Norgro, for å ta fatt på ei synkande skute. Lite visste me då om Topigs som stod som oss ute i verda, dei med pengar og ein marknad utan eit produkt og me med eit produkt utan pengar. Planar blei lagde og her står me i dag med ny seminstasjon, karantene og teststasjon og ein oppussa eksportstasjon samt mottakskarantene for teststasjonen.
Så, kva nå? Me har eit fallande heimemarknad samt voksande eksportmarknad på semin. Eit verdensledende produkt på morsida, eit stadig bedre dyr på farsida så her er det potensiale. Koss ser så verden der ute ut? Korleis skal verdas beste avlsselskap sjå ut i framtida? Er me organisert rett? Spørsmål eg ikkje har svar på i dag, men skal gå gjennom nokre av punktene.
Styrken vår er avlsstruktur i lag med besetningsstruktur i ei av verdas grønaste lunge, absolutt ein god forutsetning for god og framtidsretta avls- og forretningsutvikling. I fare for å bli negativ så har me eit synkande medlemstal og reduksjon av purkebesetningar. Vil me vere nok produsentar til å fylje opp forretningsavtalen vår med TN om ti år? Tjue år? Eg vil meine ja, det er jo egentleg ein forretningsmulighet det å kunne ver leverandør av framtidig genetikk frå relativt små besetningar rundt om i det meste av landet til resten av verda.
Styret i lag med administrasjonen har siste året sett på ulike scenario for Norsvin i framtida og dette er tema i dei arbeidsøktene me skal ha på dette årsmøte. Det som ligg oss nærast, marknad, politikk, organisasjonsstruktur og bruksstruktur skal me arbeide med innad i organisasjonen. Korleis kan me som organisasjon vere med å påverke marknaden vår? Skal me kjempa for konsesjonsgrensene? Kva med lagsstrukturen vår? Skal me ha 14 fylkeslag? I foredlingsleddet gjorde me, som eg utreda for tidlegare i talen, vedtak om ein toledda avlsstruktur. Dvs me reindyrke dei ulike trinna i avlspyramiden. Kva med formeringsbesetningane? Skal det vere ein mulighet for å vere kombibesetning her, dvs mulighet for å inseminere med Z og D?
Det har vore ein stilltiande aksept for at formeringsbesetningane skal få fylla opp huset med å ha ein varierande andel med TN70 for produksjon til smågrismarknaden når det ikkje har vore behov for livdyr. Skal me gå hardt inn og krevje det same her som me har gjort i foredlingsleddet? Med konsesjonsinstraminga som blei iverksatt frå nyttår av kan det ver ein mulighet for bruksbesetning og bli formeringsbesetning og då ha ein utvida mulighet å ha fleire puker i produksjon då faktoren er lågare i det leddet. Slik som situasjonen er så er det ein overkapasitet i formeringsleddet i dag på ganske mykje og er det då at desse kan ha ein utvida konsesjon hvis deler av drifta er ein bruksbesetning? Produksjonsteknisk er ikkje dette ei utfordring i seg sjøl, men skal me gå same retning som samfunnet rundt oss så kreves det meir profesjonalitet i alle yrker. Også i svineproduksjon.
Dette er scenario me må ta nokre val på, men førebels er det tankar kasta litt ut for at me skal gjere oss nokre refleksjonar på kva som møter oss både innanlands og utanlands. Den geopolitiske situasjonen har ikkje vore meir usikker enn på veldig mange år. Me må tenka litt nytt, sjøl om me har lyst at det skal gå over i likaste laget. Tenk å hatt strategimøte om svineavl med hr. Trumph i ei veke på Camp David.
Der er fleire saker som kunne vore tatt fram, der er stor fart på SPF-omlegging spesielt i Trøndelag og Rogaland samt der er ein del formeringsbesetningar som nå tar steget. Der er mykje unge bønder som enten har tatt over eller skal innan kort tid. Eit mål på det er unge deltakere på Norsvinskolen sine kurs og ikkje minst fagsamlinga før jul. Landet svinebesetningar er MRSA-frie på femte året, ein bragd i seg sjøl. Og så ser eg vanvittig fram til Gris i ’25 på Gardermoen den 20.-21. november. Har du ikkje skaffa avløysar så er det snart tida for å sikra seg det. Sjef Alf Eivind har kviskra meg at dette blir «The best pig congress ever» for å sei det på godt nynorsk.
På vegne av oss alle så takke eg Olav og hans stab for godt og tilrettelagt samarbeid gjennom året. Me er heldige som har så flinke folk til å lose selskapet trygt framover, det set me utuleg stor pris på.
Eg vil ynskje alle velkommen, spesielt dei som er her for fyrste gong, ta del i debatten og ikkje reis heim med noko usagt. Her er rom for alt.
Takk for at de høyrde på og godt årsmøte.