Styreleders tale til årsmøtet 2024

Årsmøtet i Norsvin SA er godt igang på Hamar. Dette er styreleder Per Inge Egeland sin tale til årsmøtet.
Del dette innlegget:

Ordførar, gode årsmøteutsendingar, ansatte og gjester. 

Velkommen til årsmøte og spesielt velkommen til dykk som er her for aller fyrste gong. Blant dei nye er det fire fylkesleiarar, Lill-Helen – Petter – Lillian – Johannes, ekstra velkommen til dokke. Me glede oss til å bli betre kjent med alle nye og at dokke blir kjent med oss som har vore her ei stund. Uansett er det alltid hyggelig å treffe yrkesbrør/ søstre samt mange dyktige ansatte desse to dagane her på Hamar. Bruk timane godt. 

Dei aller fleste år er det enten noko som går veldig bra og som regel noko som går dårleg, det siste året har ikkje vore eit unntak i så måte. På årsmøte i fjor var eit av tema til diskusjon på korleis me skulle klare å dekka inn den fallande produksjonen som kom når nytt konsesjonsregelverk trer i kraft neste år. I staden så måtte reguleringslageret riggas for meir gris enn det avtalen tilsa. Alt blei snudd på hovudet over natta og resten veit me historia om. Mången har den siste tida stilt spørsmål om det er godt nok det reguleringsverktøyet me har pr i dag. Ja, hvis det blir brukt og uført rett har me nok det, men kva tid er dei enkelte tiltaka rette? Til nå i år har me ikkje klart å senka vektene fort nok, difor blei prognosen justert nå i mars. Nå ser det derimot ut til at vektpila går mot det som prognosen legg opp til. Slik systemet er i dag skal pris og frivillig reduksjon av slaktevekt brukas fyrst.  Eg meiner at tida for frivillighet og dugnad er litt forbi. Me som produsentar er profesjonelle aktørar som treng forutsigbarhet og betaling for den jobben me gjer. Forpliktelsane me har ovenfor varemottakar og finansinstutisjonar er av ein slik art at det og vere aktør i ei av verdas viktigaste oppgåve, produsera mat, ikkje kan tuftas på dugnad og frivillighet lenger. Her må det cash på bordet mykje kjappare enn det som har vore fram til nå. Så skal me som næring vere klar på at dette vil krevje noko andre vegen og den utfordringa klarer me å ta!  

Styret i Norsvin har eit resultatmål på 4% for SA-et. Historisk har me vore innom dette målet, men å få det til stabilt over år er noko anna. Våre forpliktelser i avlsarbeidet er høgt, det gjer det meir nødvendig å både ha god eigenkapital samt ha eit godt driftsresultat kvart år. I langtidsplanen for økonomien bør me som selskap ha eit klart mål å arbeide mot dette resultatkravet. Ein annan utfordring i dette er å ikkje gje våre medlemmer meir kostnader enn nødvendig, slik me formaner ovenfor både faglag, vareleverandør og varemottakar. Vår økonomisjef Jørn vil leggje fram eit veldig bra resultat i sin presentasjon etter meg og Olav, men husk og sjå dei to siste år litt i samanheng, det eine året gjekk litt stang ut det andre stang inn som det heiter på fotballspråket. 

Omlegging til SPF er inne i eit taktskifte. Når Delta Norway tek over testing på dyr til sommaren er alle foredlingsbesetningane ferdig sanert til SPF, det er fyrste milepæl i planen til SPF populasjon i 2030. Om alle er omlagt i 2030 skal eg ikkje garantere, men eg trur ikkje det er mangen att. Omlegging til SPF i lag med ein stor avlsframgang er det beste klimatiltaket me har på grisen. Desse to tiltaka utgjer ti prosent av landbrukets klimaavtale med staten om kutt av 5 mill tonn CO2 ekviv innan 2030. SPF-slaktegrisen leverer bra på avlsframgang og alle piler peiker i rett retning, kanskje litt fort. Ei hake er noko problem med bein som det er eit stort fokus på å lokalisera årsaken til. Dette jobbes det breitt med på avlsida og på avlsmålet er tilveksthastigheten tatt litt ner samt det er auka fokus på fôreffektivitet. Det er og satt i gong eit prosjekt der ein undersøker beina til griser som viser symptom på stive/ krokete frambein som vil gje oss ein del av svara på denne utfordringa. Dette er eit samarbeid med Norsvin og NMBU/ Search på Sandnes og vil gå over tre år. Me håper på at noko av svaret kjem før, for me er utålmodige på denne utfordringa. Nokon veljer rein landsvin, andre bruker hampshiresæd til slaktegris. Ei sterk oppfordring her er, ta kontakt med enten dyrlege/ slakteri eller oss i Norsvin. Utan tilbakemeldingar tek det mykje lengre tid å løyse utfordringar. 

I fjor sommar gjekk styreturen til Rogaland og vakre Ryfylke. Ei skikkelig perle var alle samde om. Me starta på Search i Sandnes der Marianne Oropeza tok imot oss og gav ei god innføring i embryoarbeidet der. Det var spennande og sjå på koss dei brukte det tverrfaglege samarbeidet på denne kompliserte operasjonen, tidlegare måtte ein avlive dyret for å få tak i egga så framskrittet er stort.  Å lukkas på dette feltet er avgjerande for å ta del i nye avlsverktøy, NGT. Dette har vore heftig debattert siste året i samband med NOU «Genteknologi i ei bærekraftig framtid» som kom i juni. Det er ingen hemmelighet at norsk landbruk har vore og er ganske splitta i denne saka. Det spenner frå begrepsforvirring, merking av produkt og mykje anna. Norsvin og Geno har samarbeida godt på dette fagfeltet, det har vore godt å ikkje stå aleine på animalsida. Eg vil trekke fram Sigrid Bratteli i NCE Heidner Biocluster sitt arbeid og brennande engasjement, ho i lag med våre folk i Geno og Norsvin har bidratt godt i debatten på kva nye verktøy kan hjelpa oss med i framtidas avlsarbeid, der ligg ein link i siste Svin. I tillegg til embryo var me innom eit postsmoltanlegg, oppdrett av fisk på land, og ein lokal siderprodusent, ein ung mann som gjorde eit levebrød av begrensa areal. Foreldra var for øvrig svineprodusentar for berre få år sidan, ein annan ryfylking slutta med gris og planta druer og driv nå vinproduksjon. Ikkje at alle svineprodusentar treng å gå i same fotspor, nokon må lage maten til all drikka! Men kreative er me, det skal me ha. 

Ein tenkjer ofte på kor langt ein kan komma med eit avlsarbeid, men avlsarbeid har basert på erfaring ingen ende. Til og med for grisen gjeld denne påstanden. Den nye teststasjonen vil for det fyrste gje oss ein skikkelige boost i organisasjonen og blant dei ansatte, for det andre eit godt løft til å teste på nye avlsmål. For det tredje vil det gje ein bra framgang på teknikksida slik at me bruker meir tid på avlsframgang vs praktiske oppgåver. Punkt fire er spart areal og fôr, enormt positive både nasjonalt og ikkje minst globalt i og med norsk genetikk finnes i 1 av 7 griser globalt. Punkt fem er at den norske svineproduksjonen har tilgang på verdas beste genetikk her i landet som gjer oss ein årleg gevinst på 25-30 kr pr slaktegris pr år noko som er godt kompensert mot dei årlege kostnadsaukningane me har hatt og sannsynligvis vil få på seminsida framover.  

Kvart fjerde år har me ein større gjennomgang av strategiplanen, sist var hausten 2022. Siste året har styret og administrasjonen jobba for å lage ein strategi med påfyljande økonomiplan som ser litt lenger fram enn bare eitt år og som er meir i harmoni med Topigs Norsvin sitt langtidsbudsjett. Det er ikkje til å stikka under ein stol at avhengigheten av den internasjonale marknaden og Topigs Norsvin, preger oss meir og meir i den daglege drifta. Må ta med oss at Topigs Norsvin finansiere 2/3 av avlsarbeidet vårt. Norsvin som selskap i ei globalt marked krev at me både har ein sterk eigenkapital og penger på bok for å ha både kjøpekraft og ikkje minst investeringsmulighet i tida framover. Som Jørn vil vise seinare så har me ein bra eigenkapital, men me kan styrke kontantbehaldninga noko. Difor er årets resultat ein god start til å byggje vidare på. Styret har i sitt forslag til disponering lagt heile overskotet til eigenkapitalen noko eg håpar me får tilslutnad til. Eg vil sei godt jobba til heile Norsvin for årets resultat! 

Det blir sagt att den regjeringa me har nå er den mest landbruksvennlege på mången tiår, og det er eg heilt samd i! Likevel bruker spesielt det eine faglaget mykje tid på og snakka den ner ved fleire høve. I morgon er det høyring på nytt talgrunnlag og sjølvforsyning i næringskomiteen som blir den fyrste av fleire høyringar som kjem i tida framover som tufter det meste av norsk landbruk. Eg nemner utan rekkefylje totalberedskap, dyrevelferdsmelding og nå sist gjødselvaredirektivet. Den siste her vil nok ha størst betydning i mitt heimfylke sjøl om det blei noko høgare fosfortal, for andre er det innskrenking i spreietidspunkt, uansett bler det krevande for mange. For grisen isolert sett blir det etter det eg har forstått lite totale innskjerpingar, noko meir areal på purka og litt mindre på slaktegris.  Alle innstramingar er tøffe det skal me ta innover oss, men eg både trur og håper at me som næring finn gode løysingar slik at jobben med å produsera rein, trygg og næringsrik mat blir noko me kan leva bra med framover. På klimamøte i starten av mars fekk grisen skryt for vårt arbeid med å redusera klimagassutsleppa der me legg fram gode tal og konkrete tiltak som tek oss i rett retning med klimaarbeidet. Når det gjeld dyrevelferdsmeldinga ventar me på høyringsdokumentet. Held minister same tempo som med andre saker er det nok ikkje så lenge før den kjem ut. Signal som er gitt blir det auka arealkrav på plass, men ikkje noko utegang. Administrasjon og styret held godt tak om denne meldinga godt i samarbeid med bondelaget. 

Dette drar meg over i eit tema som kryp inn til oss frå den store verda rundt oss. Totalberedskapskommisjonen peika på eit sentralt tema i sin utredning som går på forsyningssikkerhet, koss skal den vere her i landet på gris? I vårt naboland Sverige ser me nå byggjeplanar på hus som skal produsere 50.000 slaktegriser pr år, i tillegg ein eigen purkeavdeling med ca 1500 purker. Ganske tøft å satse slik i eit fallande marknad, stikk i strid med våre tankar om kor stor ein besetning bør vere. Ikkje tvil om at svenskane her kjenner presset frå resten av EU der besetningsstørrelsen berre aukar når ein til ei kvar tid jakter på lågare kost pr kapita. Kan me vere på veg i same retning her også utan me vil sei det høgt? Med sitjande regjering ser eg ingen fare med dette akkurat nå, men eg har dårleg erfaring med parti av blå farge. Det var dette med forutsigbarhet då. 

Prosjektet Gris i Nord har pågått ei stund, ein stor jobb er lagt ner av mange i dette. Det er ikkje ventelister på interessentar, men nokre har det vore. Problemet her som eg ser det at dette er fullt mulig å få til, men byggjekostnaden er 30% for høge. Her er det vilje, men manglar evne! Kan det vere lurt å bruke litt av samfunnets midler til å etablere sårt trengt produksjon i marginale områder for å sikre tilførslar samt halde liv i annan logistikk for at resten av landbruket i regionen har sikra eit apparat rundt sin produksjon? Eller er det ris til eigen bak å måtte stå med hua i handa og be om midler til noko som skulle betalt seg sjøl? Er det rett at samvirkebedriftene i marginale strok skal bruke eigne midler til å oppretthalde nødvendig struktur for å ta imot varene til bonden? 

Norsvin har som visjon å ha 100% norskprodusert forråvare, og det fyrste delmålet er 100% norskprodusert korn. Resten kjem på sikt. Etter mi meining bør dette fullt mulig innan 10 år, men då må der ein del ting som må på plass. Fyrste steg er vilje, totalberedskapskommisjonen har peika på at me må vere mindre avhengig av andre, då er det ein føresetnad at me alle jobber om same mål. Det andre held me for så vidt på med og de er produksjon og leiting etter høgverdige proteinkjelder. Nokon finn me i skogen, andre i jorda, men dei største kjeldene finn me nok i havet. Norskehavet er stort og rikt på protein, men her stiller landbruket igjen litt bak i køen når det kjem til betalingsevne. Dette handlar om betalingsevne og vilje frå forbrukar og vilje frå fellesskapet for å få til ei nødvendig endring.  

Siste året fekk me verkeleg kjenne på alvoret i sjukdommen afrikansk svinepest då den dukka opp eit lite stykke inne i Sverige, 200 km frå grensa til oss. For så vidt ein trygg avstand sånn i fyrste fase, men som Peer Ola sa det så godt, den sprer seg 2-3 km i månaden eller 120 km/t. Nå gjekk dette bra ser det ut til denne gongen, men neste gong kan det vere blant villsvina i Kongsvinger den dukker opp og då er avstanden til Hamar veldig kort. Difor heier me på både nullvisjon og villsvingjerde mot Sverige. Etter at me gjekk ut i det internasjonale markedet har biosikkerhet vore ein kjepphest for selskapet og alle besetningane landet rundt. Dei fleste av oss praktisere besøkskontroll inn i våre grishus og det er ein bra rutine for å ivareta dyrehelsa. Me er det einaste landet i verda som til dømes ikkje har MRSA bakterier i husa våre, rett fokus på rett plass gjer at me får til dette. I lag med målretta avlsarbeid, fokus på dyrehelsa og velferd, gjer at medisinbruken hjå den norske grisen er det lågaste i heile verda. Fleire land rundt oss ser fortrinnet dette gjer som konkuransekraft til svineprodusenten, ei god dyrehelse og kanskje sist, men ikkje minst, folkehelsa. Ukontrollert bruk av legemiddel gjer oss stadig mindre motstandsdyktige mot nye sjukdommar. Kva den enkelte vil gjere med si helse er og blir opp til kvar enkelt, men me som næring bør ha, både i nåtid og framtid, fokus på eit minimalt bruk av legemiddel i norsk svineproduksjon. La dette vere eit felles mål gode kolleger! 

Til no i dag har me fått mykje om tema norsk svineproduksjon framover, veldig mongen bra tankar og ikkje minst planar for grisen og dens utvikling vidare. Det er fleire saker eg ikkje har nemt, framtidas avlsbesetningsstruktur, tillitsvaldsapparatet, positiv vervekampanje mot slaktegrisprodusentar, koss kan me få med resten? Avslutter med desse ord og ser fram til debatten, her er det berre å trø til, takhøgda skal vere stor.  

Godt årsmøte. 

Per Inge Egeland

Se også:

Årsberetning og regnskap 2023
Årsmøte i Norsvin SA

Avl for redusert rånesmak

Androstenon og skatol er begge arvelige komponenter, så avl for lavere nivåer av rånesmak i grisene er mulig og er en langsiktig løsning på rånesmaksproblematikken. Rånesmak er nå implementert i avlsmålet til norsk landsvin og duroc.

Grunnene til at dette ikke har blitt gjort tidligere, er usikkerhet rundt hvordan en seleksjon vil påvirke reproduksjonsegenskaper samt mangel på tilfredsstillende målemetoder.

Androstenon

Androstenon er et feromon som produseres i testikkel i samme biokjemiske reaksjonsvei som testosteron og østrogen. Androstenon fraktes med blod til spyttkjertlene der det fungerer som et duftstoff som bidrar til å aktivere stårefleksen hos purka. Det er dog et fettløselig steroid og for høy produksjon og/eller for dårlig nedbryting fører til at androstenon lagres i fettvev. For høye nivåer i fett gir rånesmak. Nivå av androstenon er sterkt påvirket av genetiske faktorer. 

Skatol

Skatol er et metabolsk produkt av aminosyren tryptofan som absorberes fra tarm og brytes ned i lever. Nivå av skatol er også påvirket av genetikk, men kan til en viss grad reguleres av miljømessige faktorer. Skatol er ett betydelig større problem hos råner enn hos purker fordi androstenon hemmer nedbryting av skatol slik at det lagres i fettvev.  

Innsamling av data

I prosjektet BoarPPM ble det tatt prøver av nedskjærte halvsøsken til avlsrånene, og androstenon og skatol på disse ble analysert ved hormonlaboratoriet på NMBU Adamstuen. Dette gir sikre målinger på rånesmak som kan brukes i beregning av arvegrader og korrelasjoner til andre egenskaper. 

Videre har det vært ett annet prosjekt, finansiert av Innovasjon Norge, der vi testet den sensoriske (lukt-test) metoden «Human Nose Score». Denne er betydelig mindre nøyaktig enn kjemiske analyser og er heller ikke objektiv, men den er billig og kjapp og har gitt verdifulle fenotyper til bruk i avlsarbeidet. 

Resultater

Både egne analyser og andre publiserte studier konkluderer med at det ikke er noen store negative genetiske korrelasjoner til andre egenskaper ved seleksjon for lavere rånesmak. Med fenotypene innsamlet i prosjektene som grunnlag, har rånesmak derfor blitt implementert i avlsmålene for landsvin og duroc. For øyeblikket tas det kjemiske målinger på et utvalg av slektninger til avlsrånene for å sikre oppdaterte fenotyper. Selv uten direkte registreringer på avlsrånene så forventer vi en reduksjon i nivået av rånesmak framover ved hjelp av genetisk seleksjon. 

Suksess i Nederland

I Nederland har Topigs Norsvin hatt stor suksess med avl for lavere rånesmak og har iløpet av de siste ti årene klart å redusere nivå av rånesmak med over 50 prosent i sine raser. 

Noe av årsaken til denne suksessen ligger i at de har brukt fettbiopsier fra avlsrånene for å sikre målinger til effektiv avl. Dette har imidlertid så langt ikke vært tillatt i Norge.