Styreleders tale til årsmøtet

Årsmøtet i Norsvin SA er godt igang på Hamar. Dette er styreleder Per Inge Egeland sin tale til årsmøtet.
Del dette innlegget:

Program og saksliste for årsmøtet, samt valgkomitéens innstilling, er tilgjengelig her: Årsmøte i Norsvin SA

(Foto: Tom Erik Holmlund/Fagbladet Svin))

Styreleders tale:

Gode ordstyrere og årsmøte

Det å vere tillitsvald i landbruket har eg satt stor pris på i alle år. Det enkle svaret på spørsmålet mange av oss får gjennom eit liv, kan du tenkje deg å vere kasserar, sekretær, leiar, valnemd, varamedlem, kontrollkomite, revisor; ja lista er lang. Ikkje alle verv er like krevjande, men det er likevel mykje spennande du kan oppleve og vere med på i alle nivå. Du må bare huske å svare ja når valnemda ringjer deg og spør dette enkle spørsmålet. Når eg ser på denne forsamlinga så veit eg at alle her har svart ja mongen gonger på det spørmålet, for den som seier ja svarer det ganske ofte på slike henvendelser. 

Krigen i Ukraina har vart i 13 månader. På årsmøte i fjor hadde me ennå ikkje sett kva denne krigen ville føre til, den er både fjern og nær på same tid. Fjern fordi det er tilsynelatande eit stykke til der krigshandlingane føregår, nært fordi me i Norsvin stod klar med ein stor leveranse til Russland den dagen krigen braut ut. Årets rekneskapsresultat bere sterkt preg på akkurat denne hendinga, me kom oss aldri heilt oppå etter det sjølv om me gjorde tiltak midt i året.

Energiprisar av alle slag steig til enorme høgder, mange spørsmål dukka opp som det ikkje hadde vore så mange tankar om, ingen varestraum mellom Russland og resten av verda, mange varer måtte finna nye vegar, forsvaret var sterkt på banen og opplyste om kva eigentleg beredskap er og eit av dei store tema var om verdas kornkammer Ukraina fekk ut korn som låg på lager rundt om i landet. Tørke i Europa og flaum i Pakistan er to motsetjingar som melder seg i det til no usynlege klimaskifte. Mange av dei praktiske utfordringane løyser seg smått om sen, men trusslebilde heng framleis like tungt, om ikkje tyngre, over verda og landet vårt endå. 

2022 blei eit av dei beste år økonomisk sett for mange av oss. Alt som er bra for økonomien har gått grisens veg, marknad i balanse og prisløyper som var spot on eller litt i forkant gjorde at året blei bra. Der er mange måtar å definere det å ha det bra, for nokon er det folka rundt oss heime, for andre er det det me gjer på fritida/ aktivitet, for nokon er det tinga me eig (bil båt hytta traktor), for nokre få av oss eit nytt grishus…. Men det har ikkje vore sjølsagt at det blei akkurat slik. PGE blei justert opp tre gonger i fjor, 1 jan, 28 febr og 1 juli. Når andre dyreslag fekk sin kostnadskompensasjon utbetalt i september så hadde me fått det sidan 28 februar. Difor såg det litt rart ut når kostnadskompensasjonen kom i september, grisen fekk 2700 kroner, rugeegg fekk opptil ein halv million.

Straumstøtte var heller ikkje sjølvsagt at den blei det den blei. At grensa for støtte blei heva var ekstremt viktig for dei det gjaldt, monge stader i landet er straum det einaste reelle middelet til og varma opp byggningane med forutan diesel/parafin. For desse ordningane sender me Nortura og Bondelaget ein stor takk for jobben! Fagavdelinga hjå oss fortjene også ein stor takk for å ha oppdatert lønnsomhetskalkylar til nesten ei kvar tid. Dette arbeidet er av  høg kvalitet som andre rundt oss nyttar som dokumentasjon og eg vil tåre å sei at gjeldande PGE hadde vore noko lågare om ikkje fagavdelinga hadde hatt den tiltrua hjå aktørane rundt oss.

Historisk er det lenge sidan me har sett eit lysare bilete inn i framtida for grisen. Men, for nokre år tilbake hadde tunet vore fullt med betongbilar og byggningsfolk med dagens økonomiske framtid, så kvifor er det ikkje slik har eg spurt meg sjøl om? Har ikkje funne eit eintydig svar på dette spørsmålet, men eg har nokre tankar: Mange føler nok dei er for små, innredning er gammal og utslitt, ved generasjonsskifter så vel ein kanskje bort grisen eller er det regelverk om utegris og arealkrav som ligg og lurer? Eller kan det vera pris på heilt nytt driftsapparat til over 20 millionar kroner pluss kjøp av eigedom/ gard i tillegg? Det siste er skremmande i seg sjøl. Uvisse om regelverk er og eit hinder for ikkje å utvikle drifta vidare, derimot har fleire rundt i landet funne sin måte å løyse framtidsutsiktene på sin gard og det som kan vere ei god løysing, er å utvikle det bruket du har med dei ressurser ein har i sitt nærområdet som kan gje ein brukbar avkastning til både løn og kapitalen. I dette uttrykket ligg og muligheten å auke produksjon opp til grensa for konsesjon. Låg gjeldsgrad, som då igjen kan resultere i ei god løn hjå den enkelte, er eit varsku og som me må ta inntektssituasjonen på alvor. Bra økonomi er ikkje det same som alt er bra!

Me har fått mange henvendingar på at det er utfordrande å drive med den slaktegrisen me har. Ungar får ikkje stelle slakteklare griser i fare for å bli skada eller trampa ner. Grisen bit etter deg når du steller hjå den, og er til tider ganske brutal. Dette tar me på alvor og når det går på sikkerheten laus skal me ha ein skikkelige gjennomgang på det. Rekruttering for framtida er avgjerande for norsk svineproduksjon og heile norsk landbruk for øvrig. Slike tilbakemeldingar er viktige for oss, både små og store, positive eller negative. Før skulle slaktegrisen liggje og ete, då blei den feit og god. Skal me ha ein meir trimma gris er det nok nødvendig med ein god del aktivitet, eller sagt på ein annan måte, skal feittranda inn i kjøtet må den bevege seg ein del. Difor må me skilje fysisk aktivitet frå terror. Desse utfordringane gjorde at me har lagt endå større fokus i avlen på adferd slik at dette er eit eige mål i framtida. Litt utfordringar er her at det er ikkje slaktegrisen som er inne i avlen, kun dei reinrasa dyre som blir målte på teststasjonen. Uansett så blir det endå meir fokus og treffsikkerhet på dette avlsmålet når me får ny teststasjon, Delta Norway, neste sommar. 

Styret har hatt ein diskusjon over litt tid på vår haldning til fikseringsmulighet for purker. Slik regelverket er i dag har me mulighet for det i korte periodar. Det skal vere særskilte grunnar når me veljer å fiksera dyr, men i visse syklusar er det heilt nødvendig. I den offentlege debatten er det spesielt diande purker som det har vore fokus på mtp fiksering. Det er der idyllen er størst også, men for oss som går blant dyra, til tider døgnet rundt, ser me då det meiningslause i ei frittgåande purke som har ligget i hjel ein fin gjeng av ungane sine. Dei aller fleste av oss har nok tenkt tanken på ein fikseringsbås akkurat då! Men erfaringsmessig så er det ikkje dette som er normalen, det skjer sjeldnare og sjeldnare med ei purke som bare blir betre.

Hausten 2021 gjennomførte me ein analyse i lagsapparatet, norsk svineproduksjon mot 2032, og der fleirtalet av innspela gjekk på at fiksering i fødebinge bør vere forbudt. Me hadde og rett før jul ein liten uoffisiell og enkel spørjeundersøking om fiksering i fødebingen som stadfesta stadfesta analysen, det er eit fleirtal blant produsentane sjølve til å innføre eit forbod. Dette er hovedgrunnen til at styret gjorde sitt vedtak på å gå inn for eit forbod om fiksering i fødebingen. Me vil at forbodet skal gjelde frå dagens dato for nye/ ombygde fødeavdelingar og med ti år overgang for eksisterande. For purker i bedekningsavdelinga gjer me ingenting med dagens regelverk, i denne syklusen ser me at fiksering har ein stor verdi mtp skjerme dyr for trussler og fare for skade. 

Dyrevelferd har vore eit sentralt tema for den norske svinebonden kvar dag og spesielt dei siste seks år. Sjølv om mykje ser likt ut i dag kontra seks år sidan, ser det nestenut som to ulike produksjonar hvis me ser på området dyrevelferd og stell av dyr. Lite ante me kva som låg føre oss den marsdagen i 2017 då eg, Marit Salte og Rolf Gunnar Husveg var i møte med mattilsynet i region Sør-vest for å høyre kvifor dei var ute å plaga svineprodusentane i fylket med brysk framferd og uvarsla tilsyn. Dei bileta me då fekk av svineholdet den dagen liknar lite på det me ser i dag. Det var masse mishandla dyr som garantert ikkje hadde fått det stell dei hadde krav på ihht det regelverk som gjaldt då, og for øvrig nå. Det var bilete av sjuke og skadde dyr overlatt til seg sjølv i hjelpeslaus tilstand. Skitne dyr i overfylte bingar og dyr som gjekk i bingar utan strø og rotemateriale.

Mattilsynets rapport me fekk i januar liknar ikkje ein gong på det som vart framlagt etter den tilsynsrunden som var foretatt i 2016-2017 som rektig nok var risikobaserte tilsyn. Sjøl om skuffelsen var stor etter siste rapport ser me, i lag med Mattilsynet, at her har det skjedd mykje, men ikkje nok! Eg gjentar ikkje det eg sa 17 januar, men det er det som er stratigien vår framover. Det er mange i media der ute som skal meine mykje om dyrevelferd, hopetal av sjølutnemde dyrevelferdsekspertar som gjer alt frå dårlege til endå dårlegare råd. Å komma med forklaringar og faglege fakta i ei slik tid er nesten ikkje mulig, det biter liksom ikkje på og alt vil framtone seg som forsvarstalar. Det er litt håplaust når me viser fram bilder av små og store dyr som badar i strø og halm når andre står med bilete av ein svart gris overlatt til seg sjøl utpå ei møkkete rist.

Me har ein veg å gå med skikkeleg handtering av sjuke og skadde dyr, det veit alle! Jobben framover må løysast av kvar enkelt av oss, det me gjer i grishuset må harmonere med det me seier. Og så skal me vere klare på at alle bingane i grishuset ikkje kan se perfekte ut til ei kvar tid. Året har 365 ulike dagar i året, det er viktig å ha med seg!

Me var det fyrste dyreslaget som innført dyrevelferdsprogram, ein direkte konsekvens frå tilsynsrunden i Rogaland, som me har fleire års historikk på og dette arbeidet viser god progresjon. Det er ein vesentleg framgang spesielt i haldningar hjå dei som steller med grisene og korleis dei steller.

Dei siste års hendingar gjorde at stortingetgjekk til regjeringa og ba dei å kome med ei dyrevelferdsmelding våren 2023. Eit stort arbeid er igongsett i heile landbruket og det blei ein hektisk periode fram mot høyringsfristen 1. september. Det viktigaste for oss har vore er at tiltaka er forskningsbaserte, fagleg forankra samt praktisk gjennomførbare i tillegg til at adressaten av tiltak må stå økonomisk ansvarleg, dvs koma med pengar! Å lage ei melding som skulle omhandle så mykje for lang tid framover er eit stort arbeid, difor støtte eg regjeringa med å utsetje dette arbeidet til neste år. Det arbeides godt på fleire frontar og administrasjonen bidrg bra i dette arbeidet. Det er også viktig for næringa at denne meldinga kjem i og med at ein veit der kjem endringar som me må førhalde oss til, spesielt med nybygg og ombygging. 

I juni kjem Genteknologiutvalget med NOU som skal utrede spørsmål og koma med råd om genteknologi, nye teknikker og genmodifiserte organismer (GMO). Hausten 2021 vedtok styret i Norsvin ein ny GMO policy, i samarbeid med Geno, Graminor og Aquagen, som seier at avl i Norge må ha dei same forutsetningane/ regelverk som resten av verda vil vedta. Dette er viktig for dei norske gentekonologiselskapa sin nasjonale og ikkje minst internasjonale konkuransekraft. Det er i dag forbudt å bruke genmodifiserte organismer i næringsmidler og forvarer i Norge. Våre forbindelser til GMO er stort sett varer som er resistente mot sprøytemidler eller dyr med unormal tilvekst ( belgisk blå). Me må fortelje at genredigering ikkje er det same som den GMO me har i dag. Me meiner derfor at genredigerte produkter som tillates i Norge – som da er vurdert som trygge, samfunnsnyttige, bærekraftige og etisk forsvarlige – bør kunne brukes i norsk landbruk, akvakultur og matproduksjon.

Genredigering handle om å lese, skrive og redigere i dyrets DNA. Det handle for eksempel om å gjere grisen fri for genet som utløyser PRRS, det handler rett å slett om miljø, helse og berekraft. Denne debatten vil komma og det er difor viktig at me som medlemmer i eit avlsselskap og i lag med våre kolleger legg fram det rette bilde på kva dette inneber for den enkelte av oss og selskapa våre. Norsk Landbrukssamvirke har teke på seg oppdraget og eg håpar norsk landbruk klarer å samkøyre seg i denne saka. Det er ekstremt viktig at heile norsk landbruk skjønar kva dette inneber for det framtidige landbruket her til lands. I siste Dialog fekk alle invitasjon til medlemsmøte i lag med Geno der me får dette temaet godt belyst av Sigrid Brattlie i NCE Biocluster. 

Landbrukets klimaavtale med staten er inne i sitt tredje år av ti. Det er nå klimakalkulatoren skal rulles ut for fullt og etter planen skal alle ha den oppe å gå på sitt bruk innan 2025. Norsvin, med Eli Gjerlaug Enger i spissen, har arbeida grundig med gris og klimaavtrykk i fleire år. Arbeidet har vist at den norske grisen kjem veldig godt ut når det gjeld klimatrykk, mykje lågare enn internasjonale tal som har vore brukte i berekningane til nå. Dette året vil det sansynlegvis kome ei lov som gjer at varemottakarane våre (slakteria) må rapportere på utvikling i klimatrykket. Det same gjeld for finansinstutisjonane som må rapportere på klimatrykket til pengane dei låner ut.

Konsekvensar for oss produsentar blir å fylje med i omstillinga, ha eit tett samarbeid med våre leverandørar og dokumentere at produksjonen har ei positiv utvikling på berekraft og klimagassutslepp. Sagt med klare ord kan det vere at varemottakar kan kome til oss og be om gardens tal for klimatrykk, dette er klimakalkulatoren med og løyser for oss, så dess fortare starter med arbeidet dess betre blir det for alle både i nåtid og framtid! Bondelaget har ganske mange spydspissar som viser veg i dette arbeidet, og lyden frå  dei fleste der, er at arbeidet med klimakalkulatoren er enklare enn det me ser føre oss. Norsvin støtter fullt om dette arbeidet og anbefaler alle våre medlemmer om å starte så snart som råd hvis du ikkje allereie har kome i gang. Har du Ingris ligg mykje til rette og tar du eit møte med din klimarådgjevar er du fort i gang. Lukke til med arbeidet!

Det har vore veldig stille rundt konsesjonsregelverket etter det vart vedteke i 2019. Norsvin sitt innspel var då nokså likt det som blei gjeldande regelverk frå 1 januar 2020. Eg registrerer det har kome opp ein debatt som vil ha ein ny runde på regelverket før det eigentleg er heilt komme i gang. Norske svineprodusentar har i nesten alle år sørga for 100% marknadsdekning til den norske marknaden og det har me eit høgt ønske om å halde fram med. Det å ta frå produsentar ein slags rett til høgare produksjon enn den mengde produksjon intensjonen eit regelverk la opp til kan verke urettferdig, det har eg forståelse for, men å setje oss ner nå og omformulere det regelverket me sjølv var med å lage er heilt urealistisk. Etter Nortura Totalmarknad sine langtidsprognosar vil det vere ei viss underdekning etter 2024 og held produktivitetsframgangen fram er det etter kalkylane ikkje så lenge før me er i balanse att.  Og husk, for grisen er det to heilt ulike verdenar økonomisk å vere i ein liten underdekning vs overproduksjon. Eg prøver meg på å kokludera at dette er ein ønska konsekvens.

Siste tema i talen min i dag er Delta Norway. Etter etablering av Topigs Norsvin i 2014 har dette vore det endelege målet for oppgraderinga av infrastrukturen i Norsvin. Seminstasjon i 2018, karantene i 2019 og nå ny teststasjon i 2024. Styret gjorde vedtak om bygging i mars for eit år sidan. Etter det gjekk alle prosesser i rekordfart, almenningen stilte med område for tomt, Løten kommune med høg fart på reguleringsplan og nødvendige vedtak. Dette i lag med ei hardtarbeidende prosjektgruppe, med Jørn Jørgensen som leiar, gjorde at me kunne setje spaden i jorda den 3. oktober. Tomta ligger nå ferdig planert i vinterdvale til snøen går, før aktiviteten tek til etter påske ein gong. Byggestart i mai ca og snorklypping vert i starten av juni neste år. Denne utbygginga gjer oss i stand til å møte framtida for Norsvin som avlsselskap og at den norske svinebonden får tilgang på eit dyr som svarer på samfunnets krav om helse, dyrevelferd og klimagassutslepp. Det same dyret gjer også bonden ein god produksjonsøkonomi som sikre ei god løn og avkastning på kapital samt den reduserer klimaavtrykket endå meir som me har vore inne på tidlegare i dag.

Per Inge Egeland

Avl for redusert rånesmak

Androstenon og skatol er begge arvelige komponenter, så avl for lavere nivåer av rånesmak i grisene er mulig og er en langsiktig løsning på rånesmaksproblematikken. Rånesmak er nå implementert i avlsmålet til norsk landsvin og duroc.

Grunnene til at dette ikke har blitt gjort tidligere, er usikkerhet rundt hvordan en seleksjon vil påvirke reproduksjonsegenskaper samt mangel på tilfredsstillende målemetoder.

Androstenon

Androstenon er et feromon som produseres i testikkel i samme biokjemiske reaksjonsvei som testosteron og østrogen. Androstenon fraktes med blod til spyttkjertlene der det fungerer som et duftstoff som bidrar til å aktivere stårefleksen hos purka. Det er dog et fettløselig steroid og for høy produksjon og/eller for dårlig nedbryting fører til at androstenon lagres i fettvev. For høye nivåer i fett gir rånesmak. Nivå av androstenon er sterkt påvirket av genetiske faktorer. 

Skatol

Skatol er et metabolsk produkt av aminosyren tryptofan som absorberes fra tarm og brytes ned i lever. Nivå av skatol er også påvirket av genetikk, men kan til en viss grad reguleres av miljømessige faktorer. Skatol er ett betydelig større problem hos råner enn hos purker fordi androstenon hemmer nedbryting av skatol slik at det lagres i fettvev.  

Innsamling av data

I prosjektet BoarPPM ble det tatt prøver av nedskjærte halvsøsken til avlsrånene, og androstenon og skatol på disse ble analysert ved hormonlaboratoriet på NMBU Adamstuen. Dette gir sikre målinger på rånesmak som kan brukes i beregning av arvegrader og korrelasjoner til andre egenskaper. 

Videre har det vært ett annet prosjekt, finansiert av Innovasjon Norge, der vi testet den sensoriske (lukt-test) metoden «Human Nose Score». Denne er betydelig mindre nøyaktig enn kjemiske analyser og er heller ikke objektiv, men den er billig og kjapp og har gitt verdifulle fenotyper til bruk i avlsarbeidet. 

Resultater

Både egne analyser og andre publiserte studier konkluderer med at det ikke er noen store negative genetiske korrelasjoner til andre egenskaper ved seleksjon for lavere rånesmak. Med fenotypene innsamlet i prosjektene som grunnlag, har rånesmak derfor blitt implementert i avlsmålene for landsvin og duroc. For øyeblikket tas det kjemiske målinger på et utvalg av slektninger til avlsrånene for å sikre oppdaterte fenotyper. Selv uten direkte registreringer på avlsrånene så forventer vi en reduksjon i nivået av rånesmak framover ved hjelp av genetisk seleksjon. 

Suksess i Nederland

I Nederland har Topigs Norsvin hatt stor suksess med avl for lavere rånesmak og har iløpet av de siste ti årene klart å redusere nivå av rånesmak med over 50 prosent i sine raser. 

Noe av årsaken til denne suksessen ligger i at de har brukt fettbiopsier fra avlsrånene for å sikre målinger til effektiv avl. Dette har imidlertid så langt ikke vært tillatt i Norge.